Stord Frivilligsentral Frivilligsentralar finst over heile landet og er ein møtestad som formidlar kontakt mellom menneske i lokalmiljøet. Nokre treng hjelp og andre ynskjer å hjelpa. Frivilligsentralen er eit kontaktpunkt mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar. Frivilligsentralen sitt mål er å samordna den frivillige innsatsen som privatpersonar og organisasjoner i kommunen utfører, og dermed styrka og fremja det frivillige arbeidet. Frivilligsentralane har vist seg å vera eit godt verkemiddel til å utløysa frivillig innsats i lokalsamfunn og nærmiljø. Løna er gleda over å hjelpa andre. Frivilligsentralen på Stord organiserer mellom anna: TV-aksjonen Sommarleir for utviklingshemma Strøsand til eldre og uføre Måndagsklubb for eldre einslege Natteravnsordninga Hagehjelp til eldre Ynskjer du å bidra som frivillig? Behovet for frivillige varierer gjennom året. Kor mykje du ynskjer å bidra med er opp til deg. Ta kontakt dersom du ynskjer meir informasjon.