Lærarar for leksehjelp til ungdom

Er du eller kjenner du ei eldsjel av ein lærar som har 2 timar å gje kvar sjette-åttande veke? Vi held til på biblioteket på Stord ungdomsskule. Leksehjelpa fylgjer skuleåret, me sluttar av når eksamenstida er over og startar opp att etter skulestart. Me treng 8 engasjerte lærarar/pensjonerte lærarar/lærarstudentar som jobbar som frivillig. Har du lyst til å vera med? Registrer deg som frivillige eller ring Frivilligsentralen 47390849.

Er du eller kjenner du ei eldsjel av ein lærar som har 2 timar å gje kvar sjette-åttande veke?

I samarbeid med Norsk Folkehjelp ynskjer me å starte med leksehjelp for ungdom.
Tanken bak prosjektet er å kunne tilby ungdom hjelp med lekser og forberedelsar til eksamen og tentamen, vonlegvis kan dette vera med på å letta presset og stresset som ein del ungdom opplever rundt skulearbeid. Me ynskjer også at dette skal bli ein god møtestad mellom ungdom med ulik bakgrunn. Draumen er at dette skal bli ein stad kor ungdom kan hjelpe kvarandre med lekser og faglege utfordringar, samstundes som dei får bistand frå fagkyndige lærarar.

For at dette prosjektet skal bli ein suksess treng me engasjerte lærarar, har me mange nok lærarar som ynskjer gje litt av tida si, så vil behovet for kvar enkelt lærar bli minimalt.
Me trur at dette vil lukkast viss det ikkje er nødvendig for den enkelte lærar å vera tilstades meir enn ein gong kvar 6-8 veke. Det er svært viktig for oss at dette ikkje vert ei belastning for læraren, og då er det godt å ha fleire lærarar å spele på.

Kvar måndag frå kl 14:00 - 16:00 i biblioteket på Stord Ungdomsskule.
Er det andre arrangement i biblioteket så ser me oss om etter andre lokaler i nærleiken.
Leksehjelpa fylgjer skuleåret, me sluttar av når eksamenstida er over og startar opp att etter skulestart. 

Me treng 8 engasjerte lærarar/pensjonerte lærarar/lærarstudentar som jobbar som frivillig.
Har du lyst til å vera med? Registrer deg som frivillig : frivillig@stord.kommune.no  eller send ei melding til 47390849

Du er også hjartleg velkommen til å ringe frivilligsentralen, Anne-Line, på tlf.: 47390849 dersom du har spørsmål.

Satse på å starte måndag 26.aug. kl 14 

Facebook : https://www.facebook.com/groups/749267985543358/ 

Flere aktiviteter

"Handyman /-women"

Frivilligsentralen i Stord vert kontakta av mange forskjellige lag og organisasjonar, samt enkeltmenneskjer som treng hjelp frå frivillige. Her under finn de ei liste over små oppdrag, som er meldt inn fra enkeltpersonar og som me har ledig til ei kvar tid. Er det noko her du kunne tenkje deg å gjere? Her under finn de ei liste over små oppdrag som me har ledig til ei kvar tid. Er det noko her du kunne tenkje deg å gjere? Registrer deg som frivillig og skriv i kommentarfeltet kva oppdrag du kan tenkje deg å ta på deg. Registreringskjema finn du her: http://stord.frivilligsentral.no/registrer-deg-som-frivillig/ Registrer deg som frivillig og skriv i kommentarfeltet kva oppdrag du kan tenkje deg å ta på deg. Registreringskjema finn du her: http://stord.frivilligsentral.no/registrer-deg-som-frivillig/

Aktivitetsvenn

Kan du setje av to til fire timar kvar månad til å være saman med ein person med demens? Då kan du verte aktivitetsvenn! Nasjonalforeningen Stord/Fitjar demensforening,

BUA Stord

Her kan du komme å låne alt av fritids-, aktivitets-, og friluftslivsutstyr, heilt gratis. Det er akkurat som i eit bibliotek. 

Diskotek for mennesker med psykisk utviklingshemming

Stord Røde Kors Barnehjelp arrangerer diskotek 2 ganger i året.

Frivillig til temakafe for kreftramma, pårørande og etterlatne

Du vil vere med å starte opp og skape ein hyggeleg og relevant møteplass for vaksne som er ramma av kreft; både kreftramma, pårørande og etterlatne. Den frivillige gruppa skal planlegge og gjennomføre Temakafe ein gang i månaden på kveldstid. Samarbeid mellom Kreftforeninga og Frivilligsentralen i Stord

2020 © Frivilligsentralen i Stord