Folk i sentrum / Folkehelsedagar 2019

Folkehelsedagar i Stord kommune. Folk i sentrum 2019

folk i sentrum

For tredje året på rad vert «Folk i Sentrum» arrangert første veka i mai. Ut frå dei gode erfaringane i fjor var det ikkje tvil om at dette må gjentakast i 2019. Stord kommune saman med Stord næringsråd og Stord idrettsråd står bak arrangementet

Dagane vil by på mange ulike aktivitetar og arrangement i Leirvik sentrum. «Folk i sentrum» har i år eit allsidig og fullspekka program. Her er litt av det som skal skje:
• Barnehagedag i kulturhuset
• Utegym på torget
• Sykkelens dag
• Dialogmøte med presentasjon av planar for sentrum og oppfølging av tidlegare innspel
• Lokale grupper og utøvarar syner sine aktivitetar
• Marknad
• Ungdomskonsert
• Gatefotball
• Familietur rundt Ådlandsvatnet med rast i den nye gapahuken

Ver med og gjer Leirvik til ein inkluderande møteplass og stad for gode opplevingar. Lag og organisasjonar er inviterte til å delta - ein del har allereie meldt seg på, men det er plass til mange fleire. Me ønskjer engasjement, og trur dette vil bidra til trivsel for folk i alle aldrar.

Sunnhordland Maraton går av stabelen same helga. Dette vert innlemma i arrangementet og godt koordinert opp mot dei andre aktivitetane.

Me oppmodar alle til å setja av dagane 2. - 6. mai, og bli med på «Folk i sentrum»!

For meir informasjon ta kontakt med Folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein på telefon 97552209 eller e-mail Tove.Vikanes.Agdestein@stord.kommune.no

2024 © Stord Frivilligsentral