Treff for einslege eldre

Treff for einslege eldre i Stord Kommune, møteplass for eldre, sosialt, stimulerande og kjekt! Stord Kommune, Stord Frivilligsentral, tilrettelagd fritid.

IMG_7614 (1)

Stord Frivilligsentral og Tilrettelagd fritid i Stord Kommune tilbyr møtestad for einslege eldre to dagar i veka.
På treffa et me deilig lunsj saman, pratar og spelar bingo.
Har du eit handarbeid du held på med så er du hjarteleg velkommen til å ta det med deg.

Ta kontakt med Margun Hamre Vassdal (tlf. 900 18 404) for å delta på onsdags- og torsdagstreffet.

Hjarteleg velkommen!

Onsdagstreffet

Kvar: Kulturhuset - kultursenteret (Leirvik)

Tid: 11:00 - 13:30

Pris: 50,- pr gang, pluss ein liten premie til bingoen (dekkjer mat,kaffi og ein del av kostnaden til sesongavsluttingane våre)

Aktivitet: Mat, kaffi, sosial samling med prat, drøs og handarbeid, 
og toppen av morroa er bingo med premiering!

Torsdastreffet

Kvar: Buneset (Sagvåg)

Tid: 11:00 - 13:30

Pris: 50,- pr gang, pluss ein liten premie til bingoen (dekkjer mat,kaffi og ein del av kostnaden til sesongavsluttingane våre)

Aktivitet: Mat, kaffi, sosial samling med prat, drøs og handarbeid, 
og toppen av morroa er bingo med premiering!

 

Flere aktiviteter

"Handyman /-women"

Frivilligsentralen i Stord vert kontakta av mange forskjellige lag og organisasjonar, samt enkeltmenneskjer som treng hjelp frå frivillige. Her under finn de ei liste over små oppdrag, som er meldt inn fra enkeltpersonar og som me har ledig til ei kvar tid. Er det noko her du kunne tenkje deg å gjere? Her under finn de ei liste over små oppdrag som me har ledig til ei kvar tid. Er det noko her du kunne tenkje deg å gjere? Registrer deg som frivillig og skriv i kommentarfeltet kva oppdrag du kan tenkje deg å ta på deg. Registreringskjema finn du her: http://stord.frivilligsentral.no/registrer-deg-som-frivillig/ Registrer deg som frivillig og skriv i kommentarfeltet kva oppdrag du kan tenkje deg å ta på deg. Registreringskjema finn du her: http://stord.frivilligsentral.no/registrer-deg-som-frivillig/

2024 © Stord Frivilligsentral