PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Frivilligsentralen koordinerar TV-aksjonen på Stord

1959501_722882487756409_2136460912_n.jpg

TUSEN TAKK FOR FANTASTISK INNSATS TIL ALLE SOM EIN!

TV-aksjonen 2017 vart ein knall suksess, og det er takka vera alle rause givarar og ikkje minst alle de som gjekk med bøsse og bidrog frivillig saman med oss. Snart rullar me i gong med ny TV-aksjon, i 2018 går bidraga til Krikens bymisjon og deira gode innsats for dei svakaste i samfunnet.

Vil du bidra? Gi oss ein lyd alt no, så kan vera fyrstemann til å velje blandt dei kjekke frivillige oppgåvene. 

 

Les meir om kirkens bymisjon og deira TV-akjsons søknad her: https://kirkensbymisjon.no/tv-aksjonen/

 

 

-----------------------------------------------------------------------

TV-aksjonen 2017 går til UNICEF-aksjonen «Læring i krig». Pengane skal gje born i krigs- og katastrofeområder ei betre framtid gjennom utdanning. 


UNICEF ønskjer å nytte midlane frå TV-aksjonen i Syria, Sør-Sudan, Mali, Pakistan og Columbia. 

Les meir om TV-akjsonen 2017 hjå UNICEF: https://www.unicef.no/nyheter/24377/tv-aksjon-2017

Har du lyst til å vere bøsseberar?
Me treng heile 270 bøsseberarar i Stord Kommune. 

Meld deg som bøsseberar her

 

Lag og organisasjonar oppfordrast til å delta på dette som er verdas største dugnad!

Stord kommune er delt inn i mange rodar/områder som me terng bøsseberarar til, her ynskjer me gjerne at lag og organisasjonar melder si interesse for å dekkje eit område med sine medlem. Kontakt frivilligsentralen for å få tildelt eit område òg for melde opp kor mange bøsseberarer de kan stille med.

Følg med på aktivitetar kring TV-askjonen på Stord på facebooksida vår her: https://www.facebook.com/tvaksjonenstord/

 

Informasjon til skular og elevar

Ler om krig og konflikt:

Dei siste åra har mange born flykta til Norege, men kva flyktar dei frå?
Kva betyr krig og konflikt? Og ikkje minst, korleis snakkar vi om det?
TV-aksjonen tilbyr et gratis undervisningsopplegg tilpassa kvart enkelt skuletrinn.

Les meir om dette her: http://blimed.no/skole/