PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Oppdrag frå enkeltpersonar

hender_547796p.jpg

Frivilligsentralen i Stord vert kontakta av mange forskjellige lag og organisasjonar, samt enkeltmenneskjer som treng hjelp frå frivillige.
Dette er flotte oppdrag for deg som gjerne ikkje ynskjer å bitte deg opp for frivillige aktivitetar gjennom heile året, eller deg som er heime i feriar og ynskjer gjere ein forskjell.
Det passar også strålande for deg som ynskjer å sjå kva frivilligehet kan vera, her har du moglegheit til å velje eit oppdrag som passar di tid, og dine interesser.

Under finn de ei liste over små oppdrag som me har ledig til ei kvar tid.

Finn du noko her du kunne tenkje deg å gjere?
Registrer deg som frivillig og skriv i kommentarfeltet kva oppdrag du kan tenkje deg å ta på deg.
Registreringskjema finn du her.

 

Oppdrag 1:

Grasklypping, ca. kvar 14 dag for ein eldre mann.
Mange eldre bur heime og klarar seg godt, men akkurat hagestell er ofte noko dei treng hjelp til.

Periode: Mai - september.

 

Oppdrag 2:

Kjøre eldre dame til gravplassen ved moster kyrkje,
slik at ho kan få stelle ved gravene til sine næraste. 

Periode: 1 gang våren 2016 og 1 gang i hausten 2016.