PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Har du lyst til å gje litt av tida di til ein møtestad for einslige eldre?

IMG_7614.JPG (1)

Frivilligsentralen samarbeidar med Stord Kommune og Tilrettelagt fritid om ein møtestad for einslege eldre.
Her møtast enslege eldre som ynskjer å komme seg ut og treffe andre mennesker i same situasjon.

Møtestadane er:

I Sævarhagen måndagar frå 11:00 - 13:30
I Kulturhuset onsdagar frå kl 11:00 -13:30. 

 

Kva treng me frivillige til på onsdagstreff?

Frivillig vertskap
Onsdagsklubb for einslige eldre treng frivillige som kunne tenkje seg å vera med på å organisere treffet.
Det innber å smøre litt mat, koke kaffi, leie bingoen og prate med deltakarane.

Dei frivillige som er med på dette tykkjer det er utrulig givande og kjekt!
Kor ofte du kan vera med er opp til deg sjølve, nokre av våre frivillige er med ein gong kvar fjerde veke, andre er med kvar veke. 

Du seier frå kva som passar for deg, me er takksame for all frivillig aktivitet!

Ta kontakt med oss på Frivilligsentralen, eller registrer deg her om du kunne tenkje deg å bidra!