PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kvardagsintegrering på Stord

FullSizeRender.jpg

Er du ein KOMPIS? Ein som har lyst å vera i lag med ein Stordabu med ikkje norsk bakgrunn 6 gonger i løpet av 3 månander? 
Eller, har du lyst til å høyre meir om kva dette KOMPIS-prosjektet inneber? 

Kort fortalt er «Eg e’ KOMPIS» eit integrerings- og inkluderingsprosjekt kor deltakarane inngår ein gjensidig og kortsiktig avtale om å møtast 6 gonger à 1 time i løpet av 3 månader. Fyrste runde av prosjketet har gått i frå desember 2016 til mars 2017.

Frivilligsentralen har saman med NAV Flyktningetenesta gjort jobben som koordinatorar og kopla KOMPISAR basert på mellom anna interesser, yrkeserfaring, språkkunnskap og personlege eigenheiter. 

Målet for første runde var å kople 10 KOMPIS-par; altså 10 stordabuar med norsk bakgrunn og 10 stordabuar med innvandrarbakgrunn.

Kort om forventingar til KOMPISANE

- Møtast 6 gonger (2 gonger er felles for alle; første og siste møte)

- Minimum 1 time kvar gong

- KOMPISANE har ansvar for 2 møter/aktivitetar kvar 

- Ein gjer avtale frå gong til gong – eller ein planlegg alt på ein gong

- Første møte er felles med dei andre kompisane

- Siste møte er KOMPISfest med dei andre kompisane

Eg e’ KOMPIS er eit «vinn-vinn» prosjekt som gir alle deltakane mogelegheit til å læra noko nytt om kultur, språk og likheiter.
Me trur personlege møter er viktig for lokalsamfunnet, og me veit at alle tener på gode nettverk. 

ALLE kan vera med på å integrere, det veit me alt.
Men korleis ein går fram og kvar ein skal vera med å bidra er ikkje alltid så lett å veta. Det treng ikkje verken vera tidkrevande, mykje arbeid eller voldsomt forpliktande, og det er det som er så kjekt med Eg e' kompis. Alle har tid til å gjere det dei alt plar gjere, og kvifor kan du ikkje gjere det saman med nokon du aldri før har møtt? 

Tenkjer du at du er ein kompis, og har du lyst til å gjere kvardagsaktivitetar saman med nokon som ikkje har Norsk bakgrunn? 

Plar du å gå tur, spele fotball, lese bøker, is-bade, eller sjå film? Kanskje kan me spleise deg med ein eller ei som har lyst til å vera med på akkurat det du likar best, og kanskje vil du då bli kjend med nokon som kan lære deg om andre fritidsaktivitetar som du aldri før har prøvd?

Send oss ei melding via skjemaet under, og me tek kontakt med deg.

 

  • E-post
    Telefon
  • E-post
    Telefon