PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Vil du vera ein del av BUA Stord?

BUA Stord opnar 12. september!

Lån av utstyr til sport, leik og tur heilt gratis! 

I BUA vil me tilby born, unge, familiar, skuleklassar, lag og organisasjonar moglegheita til å låne utstyr til mange ulike fritidsaktivitetar og idrettar.  Kva utstyr me har på lager varierar i frå sesong til sesong. 

I samarbeid med ulike prosjekt, samt lag og organisasjonar, vil me også gjennom BUA arrangere ulike aktivitetsdagar, samt kurs innan aktivitetar og friluftsliv. 

Les meir om kva utstyr du kan låne hjå oss her: 




BUA Stord søkjer:

-Friluftslivsnerd
-Fotballidiot
-Handballentusiast
-Verdsmeister i hoppetau motivering
-.....og mange fleir!

Difor søkjer me deg som ynskjer å lære om ulike idrettar, friluftsaktivitetar og leikar,
me søkjer deg som har lyst til å bidra til at born og unge får like vilkår for deltaking i aktivitetar,
me søkjer også deg som har har lyst til å vera ein del av eit nytt knall kjekt prosjekt for å vise fram breiddeidretten og dei små aktivitetane alle kan halde på med på fritida. 

Kva bidreg du med?
Viss du vert frivillig for BUA bidreg du til at me kan halde ope fleire ettermiddagar, slik at me vert meir tilgjengelige.
Du vil bidra til at me kan arrangere fleire aktivitetsdagar for born,unge og familiar.

Kva får du?
Du vil få opplæring i korleis utstyret virkar, korleis me held utstyret vedlike, korleis ein ter seg, kler seg, og klarar seg på tur i skog og mark. Du vil erfaring i å jobbe med born og unge. Du kan får erfaring med å arrangere aktivitetsdagar.
Du får møte mange kjekke folk og bli ein del av eit flott miljø.
Du får gjerne ein god referanse og attest frå oss for bidrgaget ditt.

Du vil bli med i eit føregongsprosjekt for andre BUA ordningar på vestlandet!

 

Meld deg som frivillig hjå oss her eller via frivillig.no