PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Har du plass til ein ekstra rundt middagsbordet, i båten eller likar du å aktivisere nokon?

IMG_8044.JPG

Mottaket på Litlabø er eit aktiv bofelleskap med 50 kjekke ungdommer frå 6 forskjellige nasjoner.
Dei jobber aktivt for å intrigere alle gjennom skule, fritidsaktiviter og idrett. Interessen for å læra norsk er på topp, pg dei lærer nye ting kvar dag - motivasjonen er super.

Ungdommane på mottaket ynskjer å hjelpa på lik linje som dei ynskjer å få hjelp.
Dei engasjerar seg i nærmiljøet sitt, og deltek gjerne sjølv som frivillige.

Ein ekstra stol rundt middagsbordet

Å samlast rundt eit måltid, og dele det ein har opplevd gjennom dagen, det er noko alle tykkjer godt om.
Dei små samtalane og den vetle stunda saman, medan ein et middag er ei god tid for den gode samtalen.
Har din familie ein stol til overs rundt middagsbordet?  

Me ynskjer at undommane her på mottaket skal få sjå korleis andre ungdommer/familier har det heime.
Korleis stemningen og planlegging av ettermiddagen, forteljinga frå skule dagen og den ellers vanlege samtalen går rundt middagsbordet.
Dette treng ikkje vera eit fast opplegg, men sånn av og til når det passer i timeplanen dykkar.

Har du ein ekstra stol?

 

Brenn du for ein aktivitet/Idrett?

Kunne du tenkje deg å trene/aktivisere nokre ungdommar på mottaket?
Kanskje du brenn for Volleyball, landhockey, jogging eller petanque? 
Då søkjer me etter deg! 


Fiske og båtliv

Viss du likar å fiske og kunne tenkje deg å lære det i frå deg, då veit me om mange ungdommar som kunne tenkje seg å vera med.
Kanskje du kan ta med deg ein ungdom neste gong du skal ut å fiske eller trekkje garn?
Dette er noko ungdommane har veldig lyst til å oppleve!

 

For meir informasjon kontakt Frivilligsentralen på tlf.: 90 73 70 62, eller registrert deg her. Hugs å skriv kva du ynskjer å bidra med.