PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Vind i segla 2017

Har du maritime interesser eller kan tenke deg å lære meir om segling, sjømannskap, tryggleik på sjøen og mykje mykje meir?

Då har Aktiv Seglas, Smedholmen kyst- og naturlivskule, Fitjar, Bømlo og Stord kommune eit godt tilbod til deg!

Smedholmen kyst- og naturlivskule og venelaget Aktiv Seglas inviterer til maritime opplevingar om bord på Seladon og samlingar på Smedholmen. Alle som går på ungdomsskule eller vidaregåande skule har høve til å søke. Tre ungdommar frå kvar kommune vert tildelt plass i prosjektet og får delta på samlingar på Smedholmen og om bord på seglskuta Seladon i løpet av 2017. Og det beste av alt, tilbodet er gratis!

Høyres dette spanande ut? Sjå invitasjonen og søknadsskjema som er lagt ved. Søknadsfrist: 17. mars 2017.