PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Velkommen til Frivilligsentralen i Stord 

Frivilligsentralar finst over heile landet og er ein møtestad som formidlar kontakt mellom menneske i lokalmiljøet. Nokre treng hjelp og andre ynskjer å hjelpa.
Frivilligsentralen er eit kontaktpunkt mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar.

Frivilligsentralen sitt mål er å samordna den frivillige innsatsen som privatpersonar og organisasjoner i kommunen utfører,
og dermed styrka og fremja det frivillige arbeidet.
Frivilligsentralane har vist seg å vera eit godt verkemiddel til å utløysa frivillig innsats i lokalsamfunn og nærmiljø.

Løna er gleda over å hjelpa andre.

Frivilligsentralen i Stord organiserer mellom anna:

  • TV-aksjonen
  • Sommarleir for utviklingshemma
  • Strøsand til eldre og uføre
  • Måndags- onsdags og torsdagstreff for eldre einslege (10:30 -13:30/11:00-14:00)
  • Natteravnsordninga
  • Hagehjelp til eldre
  • Nett- og datahhjelp for eldre/seniorar

Frivilligsentralen samarbeidar med mange ulike lag og organisasjonar, mellom andre:

  • Stord Kommune
  • Norsk Folkehjelp Sunnhordland
  • Norsk Forbund for utviklingshemma
  • Kirkens Bymisjon
  • Røde Kors
  • Kreftforeninga
  • Demensforeninga
  • Litlabø Mottak
  • CISV

Ynskjer du å bidra som frivillig? Registrer deg som frivillig her

Behovet for frivillige vareierer gjennom året.
Kor mykje du ynskjer å bidra med er opp til deg.